Fem faste stillingar vart lyst ut på Elkjøp i fjor og det var fem damer som vart tilsette: Frå venstre: Christine Hov, Kristin Saunes, Kristin Ljøkjel, Camilla Tindvik og Svetlana Iudina. Foto: Dag Nesbø Frøyen

DEI FEM NYTILSETTE ER ALLE DAMER

På Elkjøp i Florø i fjor tilsette varehussjefen fem faste tilsette. Alle kvinner. – Om det er tilfeldig? Ja i og for seg, seier varehussjef Thor Eliassen.

  • Handel

– Det var jo ønskeleg å få meir kjønnsbalanse inn i arbeidsstokken, men når det er sagt så var det til sjuande og sist viktigast at vi tilsette dei beste søkarane. Og det har vi lukkast med, seier Eliassen til Firdaposten.

For dei klassiske stereotypiane om at det er menn som er teknonerdar og kvinner er mest opptatt av estetiske kvalitetar, står no for fall. I alle fall om vi skal legge elektronikkvarehuset på Fugleskjæret i Florø til grunn.

For den nytilsette avdelingsleiaren for Tech-avdelinga på Elkjøp i Florø, Kristin Saunes (31) har i 10 år jobba med teknologi, og har ikkje overraskande stor interesse for fagfeltet.

Arbeidsmiljøet er noko dei tilsette på Elkjøp i Florø peikar på som godt, noko det er lett å sjå. Frå venstre: Kristin Saunes, Christine Hov, Kristin Ljøkjel, Svetlana Iudina og Camilla Tindvik og bak ser vi varehussjef Thor Eliassen. Foto: Dag Nesbø Frøyen.

Tech-kvinner

– Litt av desse stereotypiane heng gjerne litt i, men eg har alltid har stor interesse for teknologi. Og ein av dei nytilsette seljarane mine, Camilla Tindvik (22) harfagbrev IKT og er spesialist på mobil og data her hos oss, og ho deler også denne interessa. Så eg trur samfunnet av i dag er i endring, påpeikar Saunes.

På Home-avdelinga, som er feltet småelektrisk, kvitevare og kjøkken, er det kvinnene som no regjerer.

Svetlana Iudina (37) var inn til i fjor ei av to fast tilsette kvinner. No har ho ho fått avdelingsleiaransvaret og fått fire kvinner til på arbeidsplassen sin. I tillegg jobber Sunniva Rundereim-Håre (17) deltid etter skule. Og Svetlana synest det er positivt med ein blanding av kvinner og menn på jobben.

– Den einaste ulempa no er at det er oftare kø på dametoalettet, seier ho og ler.

Den positive effekten dei nytilsette kvinnene har hatt på arbeidsmiljøet er noko Eliassen har trekt fram. Og det er også noko damene sjølve peikar på. Men det handlar for dei ikkje om kjønn, det handlar om miljø.

Eg har jobba med teknologi i ti år og er brennande engasjert, så eg vil påstå det er ein uriktig stereotypi at berre menn er opptatt av dette fagfeltet

For det er ei kjensgjerning at miks av kjønn er av eit gode for arbeidsmiljøet. Både på tradisjonelle kvinnearbeidsplassar, og elektronikkbransjen der det er tradisjonelt sett har vore fleire menn.

Godt arbeidsmiljø

– Det er godt miljø her, og vi bryr oss om kvarandre og har ei positiv haldning, og då blir det jo triveleg, seier Kristin Ljøkjel (25) som er salsleiar på kjøkken.

Christine Hov (35) som vart tilsett i april 2019 jobbar på Home-avdelinga peikar på at kunnskap og interesse for det feltet ein jobbar med er kanskje det mest avgjerande for at ein skal kunne gjere ein god jobb overfor kundane. Ikkje kjønnet til seljaren.

Varehussjefen har både erfart sjølv, og fått tilbakemeldingane frå andre tilsette at ein miks av kvinner og menn på arbeidsplassen har vore positivt. Han merkar også at krava mot han som leiar er blitt tøffare.

– Det er blitt trivelegare på jobben, men det er og sett beintøffe krav til meg som leiar at eg må levere raskare og betre, men det trur eg handlar om dei eg har tilsett, ikkje at dei er kvinner, seier Eliassen.

Det same perspektivet har avdelingsleiaren på supportavdelinga, Jan Magne Aase om at det no har kome fem damer inn blant dei 12 faste tilsette.

– Eg tenker ikkje på at dei nytilsette er kvinner, det eg har merka meg er at vi har fått på plass dyktige folk, seier han.

Artikkelen ble først publisert i Firdaposten den 28. februar.

Artikkelen ble første gang publisert i papirutgaven av fagbladet Elektronikkbransjen nr. 2/2020, som ble distribuert 14. april. Her kan du lese artikkelen og bla gjennom digitalutgaven av bladet. Du kan lese alle utgaver av bladet digitalt, fra og med nr. 1/1937, på elektronikkbransjen.no/historiskarkiv.
Til toppen