KORTARE VENTETID

Post- og teletilsynet (PT) har inntrykk av at leverandørane av mobiltelefoni og breiband har arbeidd målbevisst for å redusere svartida.

PTs måling av svartid for kundeservice var gode i førre periode, og er enda betre i den andre målinga.

– Eg gler meg over at kundeservicen synest å vere mykje betre no enn for nokre år sidan, seier PT-direktør Willy Jensen.

I juni publiserte PT dei aller første måleresultata for svartid hos kundeservice. Resultata synte at dei fleste leverandørane hadde akseptabel ventetid. Dei nye måleresultata - for april, mai og juni - stadfestar dette biletet.

PT ser også at einskilde leverandørar, som kom dårleg ut samanlikna med andre i den første målinga, har redusert svartidene sidan forrige måling.

Powered by Labrador CMS